Kontaktinformasjon Sekretariat Sakspapir Påmelding Reise Praktisk informasjon Hovudside
Praktisk informasjon
Stad:Kjeller, Lillestrøm Reiseinfo Dato:Fredag 26. oktober til søndag 28. oktober 2007
Pris:Gratis Tider:Fredag fra ca kl 16 til søndag ca kl 18.
Overnatting:Gratis, i senger (ta med dyne e.l.) Internett:Ja!

Kva kostar det?

Det er gratis! Iallfall for delegatar. Kvar foreining får tildelt eit visst tal med observatørar. Sjå
påmeldingsoversikta for kor mange delegatar foreininga di kan sende. Om dykk vil sende fleire, er det mogleg å sende observatørar mot ein eigenandel. Alle foreininger kan sende to personar, så om foreininga di ikkje har to delegatar, kan dykk sende observatørar :-). Reise blir vanlegvis dekka.

Når, kor

Landstinget blir helde i Lillestrøm (Meir info: Reise-sida). Møtet byrjer fredag 26. oktober. Tidspunktet er ikkje klart no, men det er vanleg at ein byrjar mellam kl 16 og 18. Forberedande seminar er for deg som ikkje har vore på Landsting før, vil lære meir om Hyperion o.l.

Tidsskjema - kva skjer når?

Landstinget byrjer ca kl 16 fredag og varer til ca kl 18 på søndag. Detaljert tidsskjema kjem seinare.

Internett?

Det blir internett. Vi vonar å kunne settje opp ein trådlaus base for dei med bærbar PC, og nokre maskinar til fritt bruk der du kan surfe, sjekke mail og liknande.

Overnatting og dusj

Overnatting skjer på flotte sammenleggbare gjestesenger med madrass! Og dusje kan du gjere i flotte dusjar med varmt vatn.. reine luksusen.

Mat, godteri og slik

Det blir servert mat alle dagar, og vi kjem til å lage spesialmat (til dømes vegetarmat) for dei som ber om det ved påmelding. Det blir kaffi, te, vatn og liknande under møtet. I pausene kan du kjøpe godteri, snacks, brus og liknande i kiosken vår. Merk at Landstinget er rusfritt fram til det blir heva kvar dag.

Kva skal eg ta med meg?

Du treng ikkje enormt mykje når du skal på Landstinget, sidan det meiste er der frå førre av. Du burde vurdere å ta med:
  • Reine klede, handduk, toalettsakar og liknande
  • Innesko/sandalar/tøflar
  • Dyne+dynetrekk/Sovepose e.l.
  • Mobilladar
  • Skrivesakar og/eller laptop
  • Alkohol under Landstinget

    Under møtet er Landstinget ei rusfri sone. Personar som påverka av alkohol eller andre stoffar kan bli sendt heim att. Etter at møtet er heva for dagen, hjem OAS til å ha open bar med 18-årsgrense.

    Skulefri

    Du kan få fri frå skule (utan at det blir grunnlag for trekk i karakter eller liknande)! Alle elevar i ungdomsskole og vidaregåande skule skal ha rett til opp til 14 dagar fri for å delta på nasjonale organisasjonstreff. Ta kontakt med kontoret til Hyperion for meir informasjon.

    Tilretteleggjing

    Arrangementet skjer på eitt plan, så det er ikkje problem å delta om du bruker krykker, rullestol eller liknande. Det blir òg ein døvetolk til stades.

    Kart over Landstinget

    Kart finn du
    her :-).
    Landstinget er eit årleg møte som er morosamt, underhaldande, viktig, utfordrande, demokratisk, digitalt, analogt, lærerikt og arrangert av Hyperion N4F. Nettsida er laga av Andreas-Johann, og blir drifta av Gruppa for Utvikling og Drift.
    N4F-banner