Sekretariatet er dei som gjer det praktiske under Landstinget. Dei bemannar ein
informasjonspult, sel kioskvarer, sørgar for transport, lagar mat og meir.
Det er om lag som "crew" på datatreff, "gopher" og "ranger" på
kongressar og liknande. Sekretariatet er under leiinga av sekretariatsleiaren
Martin Vonstad Østerdal og elles er det praktiske ansvarsområdet
til Generalsekretæren i Hyperion, Andreas-Johann Ulvestad.
Bli med du og!
Som medlem av sekretariatet vil du få nye opplevingar, lære nye
ting og hjelpe Hyperion med noko viktig. Utan eit godt sekretariat er ikkje
det mogleg å arrangere Landstinget...
Fordelar av å vere med i Sekretariatet
Nokre ting:
Dekka reise og mat
God følelse av at du hjelper Hyperion med noko viktig
Ei gåve
Sekretariatsleiar Martin Vonstad Østerdal
Med fartstid i Elevorganisasjonen (leiar av Elevorganisasjonen Nordland,
Sentralstyremedlem og Generalsekretær (2006-2007)) har Martin mykje
erfaring med arrangering av konferansar og store møter.
Landstinget er eit årleg møte som er morosamt, underhaldande, viktig, utfordrande, demokratisk, digitalt, analogt, lærerikt og arrangert av
Hyperion N4F. Nettsida er laga av Andreas-Johann, og blir drifta av
Gruppa for Utvikling og Drift.
