Delegatar
Alle foreininger sender eit visst tal delegatar til Landstinget. Talet på
maksimum delegatar ei foreining kan sende er basert på medlemstalet
året førre. Vedtektene regulerer dette i §6-5, og er skrive på
høgre side her.
Ei foreining som har over 1000 medlemmar får ein ekstra delegat per
påbyrja 500 medlemmar. Med andre ord, ei foreining på 1001 vil
få 6+1 delegatar, medan ei foreining med 1501 vil få 6+2 delegatar.
|
Delegatfordeling
5-39 medl.: 1 delegat
40-99 medl.: 2 delegatar
100-199 medl.: 3 delegatar
200-349 med.: 4 delegatar
350-599 medl.: 5 delegatar
600-999 medl.: 6 delegatar
Over 1000: +1 delegat per 500 |
Observatørar
Alle foreininger skal kunne sende to personar med dekka reise. Om foreininga har
null delegatplassar (t.d. ei nyinnmeldt foreining), kan den foreininga sende to
observatørar utan kostnad og med dekka reise. Om foreininga har ein delegat,
kan den sende ein observatør utan kostnad og med dekka reise. Alle
observatørar utover dette kostar 300kr i eigenandel pluss at foreininga
må dekke reise.
Eg vil melde meg på!
Påmelding til Landstinget 2007 skjer via
DLS.
Velg først forening under "Mine Organisasjoner", og velg deretter "Landstinget
2007" i menyen. Fristen for å melde på delegater er utsatt til en uke før
Landstinget, fredag 19. oktober.